tirsdag 9. desember 2008

Auggie Wrens -ei juleforteljing


Historia byrjar med at Paul skulle skrive ei juleforteljing for The New York Times. Han sa halvvegs «ubevisst» ja til denne jobben. Han synest at juleforteljingar berre var tåredryppande, sentimentale historiar. Det var ønskedraumar og eventyr for vaksne. Men likevel ville han gjennomføre oppgåva han hadde fått tildelt. 

I jula skal man gjere gode gjerningar og glede andre. Denne forteljinga handlar om ein mann som for ein gongs skuld hadde lyst til å gjere nett dette. Han sat åleine i huset sitt ein julemorgon med ei lommebok som tilhøyrde ein ung gut som stal frå butikken han jobba i. Sidan det er jul ville han gjere ei god gjerning og dermed ringte han ikkje til politiet. Han syntes synd på den unge guten, og i julestria ville han ikkje få guten arrestert. Jula handlar om å gjere gode gjerningar for folk og å vere snill og god og hjelpe andre, det er det som gjer denne til ein juleforteljing. 

Auggi Wren gjorde ei god gjerning, men han midt oppi det heile gjorde han også noko ulovleg. Når han skulle levere tilbake lommeboka til Robert Goodwin, ungguten som stal pocketbøker i butikken, traff han berre den blinde bestemora hans i huset som han drog til. Etter at ho hadde opna døra og skjønte at det ikkje var barnebarnet sitt, spelte dei fortsatt begge som om han var. Han gjorde dette for å glede ho, og for å gjere ho glad. Etter ein drink og ein betre middag gikk han på toalettet, der såg han enda meir tjuvgods frå barnebarnet hennar. Freistinga ble for stor og han rappa ei av eskene som stod der. Dette er noko han angrar på, og han får det ikkje ut av hovudet. Eg synes ikkje namnet hans ber skam av den grunn, Paul har eit godt hjarte. 

Paul har ein hobby. Hobbyen hans er å kvar dag ta bilete av det same motivet og sjå korleis det endrar seg over tid. Utifrå bileta kan han historiar til folk som kvar dag går forbi, på veg til jobben og kvardagsslitet. Han kan sjå dei same personane til kavar dag og han lager eit album, eit bilete for kvar dag, eit album for kvart år. Han tematiserer tida ved å organisere og analysere ho. 

Denne forteljinga startar han med Paul som blir bedt om å skrive ei juleforteljing til ei avis. Men han manglar inspirasjon, han manglar ei forteljing. Han møter ein venn og tyngar også han med sine problem, men vennen hans veit råd. Han gir han den forteljinga han treng for å utføre jobben. Så midt oppi den eine historia kjem ei til, nemleg juleforteljinga til Paul. 

Ingen kommentarer: